Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘depresjon’

Insomnia

Insomnia

Søvnlaus, tankane kvernar. Og kvernar. Heilt uråd å kome fram til noko som helst. Berre at dette ikkje er bra.

Read Full Post »

Det seiest at det med depresjon føl vekttap. Eg er ikkje i tvil om at dette stemmer for mange. Men ein uønska konsekvens av lykkepillar og ein passiv kvardag, kan også vere vektauke. Dette har eg sjølv fått oppleve. Eg er ikkje store jenta, berre litt over 160 høg, og hadde før ei trivselsvekt på rundt 63-64kg. Desse siste åra har dei sige på kilo etter kilo, tilsaman nærmare det seg sikkert 10 ekstra kilo. Uvelkomne kilo.

Eg ser i speilet og kjenner at den som ser tilbake er framand. Dobbelhake, bilringar, appelsinlår. Heilt begredeleg er det. Så kan andre seie seg fornøgde med «alders-tillegga» så mykje dei berre vil, eg skulle verkeleg ynskje eg slapp denne negative belastinga på toppen av alt. Pent plassert er ikkje kiloane heller, eg liknar mest på ei pære med hender og føter. Klesskapet er stort og velfylt, men det er jo ikkje mange plagg eg kan bruke lenger.

Om eg berre hadde hatt energi (og oppbevaringsplass) skulle eg tømt klesskapet for alle plagg som er for små, eller lite flatterande, så slapp eg minne meg sjølv på korleis det var å bruke dei før. Om eg berre hadde orka skulle eg slanka meg. Om eg berre hadde greid å ta meg på tak, skulle eg byrja mosjonere (eg torer ikkje eingong nemne ordet trene…), gått ein halvtimes tur kvar dag. Eg høyrer det skal vere bra for depresjonen også. I morgon, kanskje.

Read Full Post »

Eit av dei mest verdfulle råda eg har fått var å by på meg sjølv. Psykologen min kom med dette rådet for eit par månader sidan, nesten i ei bisetning. Eg er ikkje sikker på om ho tenkte på det der og då, at dette skulle hjelpe meg til å kunne leve med depresjon. I etterpåklokskapens fluoriserande lys, kan eg bekrefte at dette rådet har materialiserte seg i mange former.

Kven er eg?

Rådet fekk meg til å kjenne etter. Kva er essensen min? Kven er eg, når ikkje depresjonen fargar livet mitt grått? Kva er viktig for meg i kvardagane? Kva mål har eg i livet mitt? Mange av samtalene våre har dreia seg om desse temaene. Ho har fått meg til å tenke etter, skrelle av laga omlag som ein lauk. Leite langt inn i margen, kva er det som sit der, innerst inne. Kva er det som siv gjennom blodårene, og kva er det som sirkulerar i lungene? Eller med andre ord, kva er det som får meg til å henge saman, til å virke?

Dersom eg skal by på meg sjølv må eg forstå kven eg er og kva eg har å by på. Det har ikkje vore ein enkel prosess så langt å finne ut av dette. Det å skrive denne bloggen tener fleire formål i den samanheng.

Skriving

Skrivinga hjelper meg til å sortere, til å kjenne etter og til å definere. Eg har oppdaga at delar av det gamle livet mitt var nærast sagt luftslott. Rett nok konstruksjonar som eg hadde bygd etteretteleg over lang tid, slik som yrkeskarrieren min. Eg hadde tillate meg sjølv å late yrket mitt definere kven eg var, late jobben bli ein livsstil. Så ettertrykkeleg hadde eg knytt heile min identitet og eksistens til karriere, at då det krasja for meg, rasa heile verda omkring meg. Det har teke nesten 4 år å bygge opp igjen noko som liknar på sjølvtillit og medvit. Men denne gongen er det tufta på fast grunn: mine innerste verdiar.

Omsorg

Eg har delt denne bloggen ope med mine næraste: familie og vener. Dermed kan dei som står meg nær velge om dei vil lese når eg byr på meg sjølv. Det gjer det enklare for meg å dele vanskelege og energikrevjande ting med fleire, med dei som eg bryr meg aller mest om. Og det gjer det enklare for dei som bryr seg om meg å følgje med på mine gleder og sorger. Eg har med det teke eit langt steg mot større openheit omkring depresjonen min. Eit fyrste steg bort frå skam og stigmatisering.

Grenser

Eg brukar innlegg her på bloggen til å teste ut og definere kvar mine nye grenser går, til dømes postane om økonomi og kjæresteri. For tida er økonomien nesten til å leve med, eg er faktisk ajour med rekningane, og har ingen store kostnader i vente. Kjæresteriet er framleis utan konkrete resultat, men eg kjenner meg ikkje motlaus av den grunn. Tvert om kjenner eg meg optimistisk, fordi eg har hatt overskudd og initiativ til å tenke på dating, i snart to månader no. Fordi eg har orka å by på meg sjølv til ei rad med karar. Eg tenker at dating er eit «numbers game». Vi er no over 5 millionar nordmenn, og omlag 2o% av alle menn i aldersgruppa 40-50 år er single. Før eller seinare klaffar det sikkert for meg også.

Småstegs-tilnærming

Skriving, omsorg og grensetesting utgjer til saman grunnlag for ei inkrementell tilnærming. Vegen blir til mens eg går. Eg kan slik reflektere over stadig nye perspektiv av elendet mitt. Men også over korleis eg skal bruke lærdomen til å gjenoppbygge eit nytt og betre liv for meg sjølv og jentene mine, og til å arbeide meg ut av ei rekkje sjølvpålagde tankar og handlingsmønster.

Deling

Bloggen i seg sjølv er eksemplifisering på nettopp det å by på meg sjølv. Eg delar nakent og ærleg dei tyngste stundene mine, prøvar mitt beste å skrive optimisme, håp og framtid. Eg delar kvardagsglimt, vonleg med ein humoristisk snert. Delar sjølvskrivne dikt og noveller. Det gler meg å dele nokre smakebitar av ephemera-samlinga mi, og vise ulike dømer på bilder som eg synes er spesielle. Små kunstverk som lyser opp kvardagane for meg. Av søkeorda som har leda lesarar hit til bloggen min, ser eg at mange andre lurer på dei same tinga som eg skriv om. Kanskje er nokon av lesarane mine litt klokare når dei har vore på besøk her, og sett kva eg har å by på.

Meistringsstrategi

Å by på meg sjølv har følgjeleg blitt eit mantra for meg. Eg skuldar psykologen min ei stor takk for akkurat den frasen. Å by på meg sjølv har blitt min viktigaste meistringsstrategi.

Read Full Post »

Bratt moro

Nokre ting er meir moro enn andre. Slik er det vel for alle, anten dei er deprimerte eller ikkje. Når eg er deprimert skal det så mykje meir til for å oppfatte at noko er moro. Dei små detaljane blir berre grå og triste, eg registrerar dei kanskje men tenker berre «jaja» utan å eigentleg trekkje på smilebandet og late gleda nå inn. Men avogtil er det stor nok moro til at eg verkeleg gler meg over det.

I helga var eg på hyttetur med ei veninde og ungane våre. Vi hadde med oss langrennski og 4 bæreposar med vesentleg sukkerhaldig proviant. Mor hadde overskride budsjettet lenge før bilen tok laust heimafrå. Tilogmed ein pappdunk med raudvin trona øverst på lasset. Vel framme kunne vi nyte strålande solskin og eit skianlegg nesten for oss sjølve.

Andre dagen vart eit par med carving-ski ståande ubrukt. Eg kunne ikkje dy meg for å spørje om å få prøve dei nokre turar i bakken, eg har ikkje rent alpin sidan før eg fekk born. Det var knalltungt å stake dei få meterane frå parkeringsplassen opp til skitrekket, så eg kjende hjertet sokk i brystet. Men då eg sklei rett på plass på t-kroken, og susa oppover trekktraseén utan problem, kjende eg ei spirande glede. Eg kløna litt unødvendig av t-kroken, og dei fyrste par svingane var noko ustøe, men tydelegvis er det med slalomferdigheiter som med sykling, har du lært det ein gong, sit det i ryggmargsrefleksen. Etter eit par turar sette eg utføre som den reinaste proffalpinisten, med fin svikt i knea, stødige bein og målretta blikk.

Siste dagen tok eg endåtil skiheisen heilt til toppunktet, og svinga meg avslappa ned den svarte løypa på staden. Med det sette eg krona på verket, og kan ikkje anna enn seie at det var ei flott skihelg, som framkalla både moro og glede i mange timar.

På hytteturen hadde vi ikkje internett. Eg har følgjeleg vore «unplugged» ei heil helg. Så mykje akkumulert glede på kort tid, gjer at eg held ut avvisinga eg fekk på tekstmelding frå den kjekke friaren eg hadde sett meg ut. Han som ynskte seg alt eg drøymer om, og hadde eit smil som kan smelte gråstein. Eg kjenner at fallhøgda definitivt er stor på datingfronten, vegen er ikkje lang frå luftige svev til blodig nasegrus.

Men like bratt moro som for enkelte andre er det hverken med svart løype på carving-ski, eller mislukka datingframstøt. Ei anna spinnvill veninde har nemleg vore i Sogndal i helga, på stuphopping, skredkurs, og randoné-ski for alvorleg vidarekomne. Eg trøystar meg difor med at mine eskapader i helga til samanlikning er relativt horisontale.

Read Full Post »

Eg trur ikkje noko særleg på Gud. Iallefall ikkje ein slik gud som det står om i Bibelen, med Jesus og Den Heilage Ande som høgre og venstre hand. Eller korleis det no heng saman. Eg tenker at det kanskje finst andre ting enn vi kan sjå, andre krefter enn dei openberre, men eg kallar det ikkje noko spesielt, og får det iallefall ikkje til å stemme med Gud. Ikkje tilber eg desse kreftene heller, verken i bøn eller tankar. Eg gjer meg relativt dårleg som religiøs.

Det er difor med stor undring eg kan konstatere at mine høgst individuelle tankar om andre krefter faktisk passar som hand i hanske inn i moderne nyreligiøsitet. Eg er ikkje ein einsam ulv som tenker sjølv, eg er tvert om i ferd med å bli indoktrinert i ein religion som veks raskare enn både kristendomen og islam i den vestlege verda. Moderne nyreligiøsitet er så lite organisert, at folk flest til liks med meg ikkje eingong oppfattar dei holistiske strøymningane som ein religion.

Ei av mine gode veninder er derimot djupt personleg kristen. Sjølv om eg ikkje delar hennar syn på det overnaturlege, har eg respekt for at andre tillegg dette verdi. Mange hevdar at ei tru beskyttar mot depresjon. Dersom medisinering og samtaleterapi er to store behandlingsretningar, er ei personleg overtyding den tredje. Ho seier at om eg berre kunne leggje fram problema mine for Jesus, ville eg sleppe alle bekymringar, han ville endåtil løyse dei for meg. Slikt vern har dei som har ei organisert tru og ein trusfellesskap, men ikkje eg, som trur på noko så vagt at eg inntil nyleg ikkje eingong visste at andre delar synet mitt.

Veninda mi er også oppteken av naturleg helse og helsekost. «Sidan du har så vanskeleg for å sovne om kvelden, og er så trøtt om dagen, burde du plusse på med vitaminar og omega 3». Ho skisserar ein veritabel hestekur for å få meir energi om dagen, og bli meir trøtt om kvelden, med to kapslar med Omega 3, ein multivitamintablett, og to tablettar med Balansert Mega-B stress. Mi pragmatiske tilpassing etter kafébesøket vårt, er å satse på hestekuren framfor Jesus. Etter vel 14 dagar under dette regimet kjenner eg meg faktisk mykje betre.

Read Full Post »

Etter mange år som singel og har eg vant meg til eit liv nesten i sølibat. Eg forsikrar meg sjølv om at eg klarer meg fint utan sex. Eg høyrer andre snakke om at behovet for sex er så grunnleggande at ein nærast ikkje kan eksistere utan. Sjølvsagt saknar eg sex avogtil og tenker at det hadde vore fint å hatt ein spesiell i livet sitt som ein ville dele ein slik initmitet med.

Det har berre ikkje laga seg slik for meg desse sista åra, mellom depressive perioder og kvardagskampen. Berre eit par «ekstra gode vener» som eg har hatt å ty til ein sjeldan gong i blandt. Altfor sjeldan til at eg kan seie at sexen har blitt trygg og leiken, så god sex at ein kan dovne seg inntulla i gjennompulte sengkle ein heil søndag, ete skiver naken i senga fordi ein brått oppdagar at ein ikkje kan klare seg eit sekund lenger utan mat, flette kroppane saman i søvnen så ein knapt veit kvar ein sjølv sluttar og den andre tek til. Latteren som sit laust og hender som berre vil stryke og halde. Nei, slik nærheit og langkos blir det ikkje mellom «fucking good friends».

Til det må eg ha ein kjærast. Ein som eg bryr meg om og som eg kan bygge ein stabil relasjon med, folk flest kallar det fast forhold. Men ikkje alle faste forhold duger heller. Eg som er singel kan i det minste innkalle ein elskar til eit uforpliktande møte, berre fordi eg absolutt må ha kroppskontakt. Eg kan nøre håpet om å ein dag treffe nokon som er rett for meg. Eg kan utforske seriemonogami om eg vil. Den som er i eit sextørt forhold lid om muleg ein endå verre skjebne. Ikkje berre blir det lite sengehyggje, men ein er i tillegg bunden på hender og føter, med vissa om at det einste ein kan håpe på er eit mercyfuck i ny og ne, om ein greier å mote seg opp etter ei flaske vin.

Med dette perspektivet har eg byrja fundere på kva som kom fyrst for meg, høna eller egget? Ein mister interessa for sex gjennom å vere deprimert, og manglande sexlyst er ein kjend biverknad av lykkepillar. Men samstundes er sex eit så fundamentalt behov at ein blir deprimert av å mangle det. Og då snakkar eg ikkje om den sporadiske tilfredsstillinga som eit hektisk møte med ein elskar kan gje, men den trygge og velkjende intimiteten mellom to som elskar kvarandre godt. Eg trur faktisk eg har vore utan slik kjærleik i alle mine depressive perioder.

Read Full Post »

Eg jobbar hardt med å leve med depresjon. For å få til eit verdig liv og ein kvardag som heng på greip for meg og jentene mine. For å leve, ikkje for å døy. Kvar gong eg kjem til legen min, nemner han liksom i forbifarten, «har du tenkt mykje på døden sidan sist?» og eg ser at psykologen er på vakt kvar gong vi kjem inn på fatale tema.

Eg har verkeleg aldri tenkt på sjølvmord. Alt eg les om depresjon og etterkvart lærer, fortel meg at eg må vere nesten unnataket som stadfestar regelen! Det høyrest ut som alle med depresjon er innom suicidale tankar. Det næraste eg har kome er tankar om mine kjære som eg har mist, finst sjela deira framleis nokon stad, kan dei sjå meg, kva hadde dei tenkt om meg dersom dei framleis levde, slike ting.

Eg har ikkje vore freista til å klemme i meg alle tablettane eg har i skapet. Eller til å smelle bilen i tunellveggen eller svinge mot ein møtande trailer. Eg har ikkje vurdert å hoppe frå ein høg bygning eller klippe, eller i vatnet på ein kald vinterdag. Det kunne aldri falle meg inn å rette våpen som kniv eller pistol mot meg sjølv.

Men sidan både lege og psykolog, medisinvedlegg og alle mulege artiklar og publikasjonar åtvarar mot faren for sjølvmord ved depresjon, har eg kjent etter. Verkeleg kjent etter. Kunne det å døy vere ei muleg løysing på problema mine? Det å sleppe unna alt det vanskelege ein gong for alle? Eg held fast ved det som er sant for meg, det kunne det ikkje. Eg hentar styrke i dette: ja eg er deprimert, men eg har aldri vore d-e-r.

Eg kjenner meg heldig som har denne vissheita og styrken. For om eg ikkje hadde det, er eg redd den fokusen som hjelpeapparatet har på sjølvmord kan framkalle nettopp det resultatet som ein prøvar å forebygge. Ved å nemne at faren er stor, gjev ein eit slags lagnadstungt klarsignal. Dette innlegget er eit døme på akkurat kva eg meiner, men eg har likevel valt å skrive det, for om ingen nokon gong seier slike ting høgt, meiner eg samfunnet risikerer ein sjølvoppfyllande spiral, som eskalerer.

Read Full Post »

Undersøkelsar viser at inntil dobbelt så mange kvinner som menn blir deprimerte. Om du bur på landsbygda, har høg utdanning eller er i eit stabilt fohold, synes det vere faktorar som beskyttar mot depresjon.

Det blir til stadigheit diskutert kvifor kvinner er meir sårbare for depresjon enn menn, og ei rekkje ulike teoriar verserar. Nokre av teoriane har eit feministisk tilsnitt, og omhandlar at dagens samfunn i stor grad er konstruert av menn, og kvinner må tilpasse seg den maskuline standard for å hevde seg, noko som ofte medfører dobbeltarbeid eller ei skifting av ego mot maskuline attributtar.

Andre teoriar søkjer å understøtte at kvinner er meir genetisk sårbare, at depresjonen slik er eit resultat av nedarva feminine eigenskapar. Skjematisk er det ikkje vanskeleg å plassere desse to typane teoriar som dikotomien «nature or nurture»: arv eller miljø. Som vi veit frå andre helseområder, td. forsking omkring homofili, er det sterke forkjemparar og motstandarar i begge leirar. Dette medfører ofte låste ståstader og lite konstruktiv framgong.

Forskinga synes imidlertid vere einige i at depresjon hos kvinner har nokre statistiske toppunkt, som samanfell med kvinna sine reproduktive år. Depresjon toppar seg for mange kvinner i puberteten, rundt svangerskap og i overgongsalderen. Det er også mindre tydelege utslag som kan tyde på at dagane like før menstruasjon (PMS) er små nedturar for mange som lever med depresjon, og tidsrom der kvinna er meir utsett enn elles for å starte ein depressiv episode. Det er østrogenproduksjonen i kroppen som endrar seg mest ved desse tidspunkta. Forskarane meiner følgjeleg at det kan vere samanheng mellom østrogenmengda i kroppen og sårbarheit for depresjon.

I tråd med dette, og kunnskapen om at depresjon er ei syklisk liding, blir det difor viktig for kvinner som skal tenke forebygging å planlegge for tidspunkt i livet ein må forvente å vere sårbar. Anten ein er tilhengjar av teoriar om arv eller teoriar om miljø eller kombinasjon av desse, kan alle kvinner som lever med depresjon ha nytte av å planlegge små oppmuntringar for seg sjølv i dagane før menstruasjon, mobilisere familie og vener gjennom svangerskap og fødsel, og generelt syte for å vere best muleg rusta når overgongsalderen nærmar seg.

God kvinnedag!

 

 

Read Full Post »

«Ein kan ikkje forstå depresjon utan å ha opplevd det sjølv» og liknande utsegn er gjengangarar når eg les litteratur og publikasjonar om emnet. Det synes å vere refrenget blant pasientar og forfattarar. Dersom det var sant, ville det vere ei dårleg nyheit for oss som kjempar med depresjon. Få av psykologane og legane våre har sjølve opplevd depresjon, og så gjeve seg til å arbeide med det. Dei som lever med depresjon, anten i ein uttalt depressiv periode eller med den overhengande faren for tilbakefall, treng å tenkje førebygging og vern. Å omgje seg dagleg med andre deprimerte byggjer ikkje forsvarsverk og styrke, men minner om dei djupe avgrunnane og vonde dagane, og vår eiga sårbarheit. Eg har enno til gode å møte ein lege eller psykolog som med handa på hjartet kan snakke av personleg erfaring.

Oppmuntring

Derimot har eg møtt legar og psykologar som har brei menneskekunnskap i tillegg til si profesjonsutdanning og erfaring. Dei nyttar empiri frå behandling av 100-tals pasientar til å kome med framlegg om tiltak som kan hjelpe for meg. Dersom eg ikkje skulle ha tiltru til desse, ville eg ikkje ha nokon å støtte meg til. Likevel tenker eg at ei dose skepsis er sunt her som i alle andre samanhengar. Når ein er som aller dårlegast, er det godt berre å få hjelp, å oppleve at det er nokon som kjem med forslag og trøyst. Nokon som fortel at «det blir bra igjen» og understøttar slike utsegn med plausibel statistikk og eiga erfaring «eg har sett det mange gangar». Slik absolutt oppmuntring er tvingande nødvendig, om ein skal orke å ta fatt på den bratte oppstiginga det er å kome seg ut av ein depressiv periode. Sjølv om ein ikkje trur det spøtt på det som blir sagt der og då! Blir det gjenteke mange nok gangar, greier ein til slutt å feste lit til det.

Nøytrale kjelder

Familie og vener kan trøyste og oppmuntre, men på det aller svartaste hjelp det så forsvinnande lite. Då sit eit lite troll mellom øyrene og motstridar alt du høyrer, vrir og vrenger på både innhald og intensjonar. Det er difor uhyre viktig for raskast mogleg tilfrisking å få slike visdomsord frå ei nøytral kjelde. Dei som ikkje er innafor hos hjelpeapparatet, kan nyttegjere seg sakleg litteratur. Bruk bibliotek eller internett til å søkje. Brukar du internett, er det viktigare enn nokon gong å vurdere kjelda du lyttar til! Også dei som får oppfølging av lege eller psykolog vil ha nytte av meir kunnskap om depresjon når tilfriskingsprosessen er kome eit stykke på veg. I den tyngste fasen gjer familie og vener lurt i å presse deg avgarde til lege eller psykolog, og i å vise deg andre nøytrale kjelder.

Puslespel

Sjølv har eg nytte av å skrive. Når eg skriv, sorterar eg og ryddar (litt) i kaoset. For kvar gong eg skriv ned tankar om min eigen prosess, anten det omhandlar kausalitet, tilfrisking, refleksjonar eller kvardagsglimt, kjenner eg at eg legg ein puslebit. Eg veit ikkje enno kor stort puslespelet mitt er, men eg kjenner at skrivinga er eit verkty eg kan bruke så eg iallfall puslar litt, kvar dag. Eg har vel igrunnen alltid skrive, men eg har ikkje tenkt før nyleg at eg skulle skrive medvite om depresjon.

Det blir bra igjen

På botnen kan det verke håplaust, og utenkjeleg at ein nokon gong skal bli frisk igjen. Dette innlegget har eg skrive for dei som desperat treng drahjelp for å ta det fyrste steget. Mine råd er å lytte til kvalifiserte fagfolk, aktivt oppsøke nøytral kunnskap om depresjon og å lage seg eit tankesystem for å rydde i alt det svarte. Anten du byrjar skrive som meg, klistre post-it lappar på ein vegg, lage tankekart eller anna; det blir bra igjen!

Read Full Post »

Eg har fått eit uventa krav: straumavrekning på 8.000 kroner! På ein dårleg dag hadde eg skyssa ungane avgarde på skulen og begrave meg under dyna. Rekninga hadde ikkje gått nokon stad og eg hadde vore akkurat like lite i stand til å betale den etter nokre dagar.

Utan depresjonen var eg ressurssterk og handlekraftig. God utdanning, aktiv karriereklatring og lange arbeidsdagar medførte også god inntekt. Ikkje at eg kunne leve eit liv i luksus, men eg kunne handle kolonialvarer utan å springe etter kanontilbud. Eg kunne kjøpe det mjukaste dopapiret med god samvittigheit. Eg hadde råd til å skeie ut med eit nytt skopar på impuls. Eller unne meg ein ekstra god rødvin.

Med depresjonen kjennest det som ei rullegardin har sige ned, og mekanismen er sund så det er heilt uråd å få opna den igjen. I tillegg har eg vore på NAV-støtte dei siste 3 åra, og alle vanlege reservar er for lengst brukt opp. Eg betalar berre renter på huslånet, har sagt opp alle abonnement (unnateke internett), og har lært meg å kjøpe tilbudsvarer på Rema.

Heldigvis er det ein god dag i dag! Det kjem lys inn gjennom ein glippe under gardina, og eg kan kjenne at hjernen tek tak og arbeider. Dette skal eg ordne opp i, seier eg til meg sjølv. Eg skal satse på ein kreativ økonomi dei neste vekene:

  • Minne meg sjølv på at eg har vore blakk før, og det ordnar seg alltid!
  • Ta kontakt med straumselskapet og be om å få dele opp rekninga
  • Overføre saldo på Trumf og Coop konti til rekningskontoen
  • Selge gullsmykker eg ikkje brukar (som gifteringen min) Gullbrev.no

Eg har også liggande eit par gavekort og bonuskort, som eg kan bruke dersom eg treng handle gåver dei neste vekene, og eg har framleis 3 finansielle nødløysingar i bakhand, om det skulle bli fullstendig krise:

  • Be banken om ein betalingsfri månad eller to
  • Refinansiere huslånet
  • Tilgjengeleg saldo på kredittkortet

No blir det resirkulert dopapir og pappvin i overskodeleg framtid. I dag er ein god dag!

Read Full Post »

Older Posts »