Det er lite nytt å melde frå denne kanten. Eller rettare, det er jo alltid noko å melde, eller å skrive om. Kva einaste dag, sikkert. Eg har berre følt meg lite inspirert til å feste det til papiret. Det har vore ein lang sommar. Veldig lang. Vel lang. Men no er endeleg jentene tilbake på skulen, og vi har returnert til kvardagar, det gjev i det minste ein viss struktur å halde fast i. Struktur på dagane, struktur på vekene.
Ein heil sommarferie ligg bak oss. Lite pengar har nauda meg til aller rimelegaste feriering. Familiehytte og heime er det einaste vi har å fortelje om. Dei 14 dagane jentene var hos pappaen låg eg under dyna. Heldigvis skal pappen ta med jentene til syden i haustferien, elles hadde eg hatt verdas svartaste samvit for dei.
Høgdepunktet i ferien var gjestar på hytta. Sjølv då var det ikkje noko «spennande» som hende. Tvert om, det regna og var kaldt, så vi kunne ikkje eingong grille ute. Beitedyr skeit oppetter hytteveggane og stampa rundt så vi trakka rett ut i ei blaut blanding av jord og møk når vi gjekk ut av hytta. Flugene rykte innpå og formeira seg i solgløtta. Likevel var det stas å få besøk, fylle rødvin i glasa og snakke med eit fornuftig, oppegåande og vakse menneske. Bli mint på at eg har ei veninde som bryr seg om meg, og som er glad i meg uansett kor håplaus eg til tider føler meg. Vi prata og tøysa og skåla og lo, for nokre timar den kvelden kunne eg gløyme meg sjølv og min eigen situasjon.
Eg gledde meg til sommar, til sol og lys og luft. Eg håpte på overskudd og energi. I staden har eg gått på sparebluss, som før, og kjenner meg endå meir sliten no enn før ferien tok til. Veninda mi er av den sprelske sporty typen, og var uheldig å skade seg, berre få dagar etter at ho hadde besøkt meg på hytta. Når eg snakka med ho nyleg, bur ho seg på ein fleire månader lang rekonvalesens, og kalla 2012 for eit uår. Eg må berre trekke på smilebandet av omgrepet, eg kjenner meg så altfor godt igjen.
Kommenter innlegget