Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Draum

Draum

Sov kjære

for når morgondagen

vekkjer deg

er eg borte

 

Eg var her aldri

Eg kjem ikkje tilbake

Du og eg

er konstruksjonar

for kvarandre

Advertisements

Uår

Det er lite nytt å melde frå denne kanten. Eller rettare, det er jo alltid noko å melde, eller å skrive om. Kva einaste dag, sikkert. Eg har berre følt meg lite inspirert til å feste det til papiret. Det har vore ein lang sommar. Veldig lang. Vel lang. Men no er endeleg jentene tilbake på skulen, og vi har returnert til kvardagar, det gjev i det minste ein viss struktur å halde fast i. Struktur på dagane, struktur på vekene.

Ein heil sommarferie ligg bak oss. Lite pengar har nauda meg til aller rimelegaste feriering. Familiehytte og heime er det einaste vi har å fortelje om. Dei 14 dagane jentene var hos pappaen låg eg under dyna. Heldigvis skal pappen ta med jentene til syden i haustferien, elles hadde eg hatt verdas svartaste samvit for dei.

Høgdepunktet i ferien var gjestar på hytta. Sjølv då var det ikkje noko «spennande» som hende. Tvert om, det regna og var kaldt, så vi kunne ikkje eingong grille ute. Beitedyr skeit oppetter hytteveggane og stampa rundt så vi trakka rett ut i ei blaut blanding av jord og møk når vi gjekk ut av hytta. Flugene rykte innpå og formeira seg i solgløtta. Likevel var det stas å få besøk, fylle rødvin i glasa og snakke med eit fornuftig, oppegåande og vakse menneske. Bli mint på at eg har ei veninde som bryr seg om meg, og som er glad i meg uansett kor håplaus eg til tider føler meg. Vi prata og tøysa og skåla og lo, for nokre timar den kvelden kunne eg gløyme meg sjølv og min eigen situasjon.

Eg gledde meg til sommar, til sol og lys og luft. Eg håpte på overskudd og energi. I staden har eg gått på sparebluss, som før, og kjenner meg endå meir sliten no enn før ferien tok til. Veninda mi er av den sprelske sporty typen, og var uheldig å skade seg, berre få dagar etter at ho hadde besøkt meg på hytta. Når eg snakka med ho nyleg, bur ho seg på ein fleire månader lang rekonvalesens, og kalla 2012 for eit uår. Eg må berre trekke på smilebandet av omgrepet, eg kjenner meg så altfor godt igjen.

Insomnia

Insomnia

Søvnlaus, tankane kvernar. Og kvernar. Heilt uråd å kome fram til noko som helst. Berre at dette ikkje er bra.

Kraft

Kraft

 

Kaldt stille stjernemørke,

eg gjer meg klar til nok eit

gratis solnummer

 

Eg er godt oppladda,

vindar og flekkar

har halde stormande 3-dagers bryllaup,

eg ber heile krafta deira

i meg

 

Fyrst skyt eg blå,

som ei pil bortover

så penslar eg roleg etter med

skimrande grøn

let dei danse og leike

eit bel,

før eg slepp laus

gul og raud,

til ein strålande himmelakvarell,

den stunda det varer

 

Tru om nokon såg den

forrykande

framsyninga i dag?

Sølvbandet

Sliten etter ein lang dag til fots, slenger han seg ned i lyngen. Tek av seg sekken, rullar seg over på ryggen og ligg heilt stille, lyttar til hjerteslaga og pusten som sakte roar seg. Det var synd med dei rypene han bomma på. Han har gått heile dagen i vande ruter, men knapt sett snurten av ryper. Er vel ikkje anna å vente når ikkje han har med hund. Han saknar finaste Engla. Ho var ein fullend Cocker Spaniel og den beste turkameraten han har hatt.

Han ligg der i lyngen og minnest, alle rypene dei fanga i lag dei to. Det er nesten 2 år sidan no at Engla døydde, kanskje han skal tenke på å skaffe seg ein ny hund. Det lir på ettermiddagen, han ser at sola snart gladar, og veit at skumringa kjem raskt. Men det er ikkje lange vegen bort til fjellbua han har tenkt å overnatte i, og han kjenner vegen godt. Han vil heller ta ei skikkeleg rast her, prøve fiskelykka litt i det vesle fjellvatnet, og så rusle bort dit når han skal legge seg.

Dessutan er det klårver, lun god haustsol har varma han i heile dag. Han veit at det blir fin måne til kvelden, så rikeleg lyst nok til å finne fram.

Å så godt det er å gå her i fjellet, berre la sola styre dagen, rusle omkring og nyte haustfargane. Ingen lydar anna enn vatn som sildrar, vinden som kviskrar i lyng og lauv og ein og anna fugl som skrik. Berre her kan han kjenne at kvardagen kjem bort for han, at pusten går fritt og håpet finn løyndomsfulle vegar fram i bringa.

Der han sit no i lyngen ved det vesle vatnet, kjenner han for fyrste gong på lenge eit spirande håp. Håp om at ting skal lage seg, at han skal finne løysingar på alt han strevar med. At han skal finne vegen vidare med livet sitt. Han tek ein slurk av kaffien og tygg tenksamt på ei dobbel brunostskive. Kjenner kor fantastisk det smakar. Han smiler av solstrålane som spelar på vatnet. Ser at småørret hoppar, men bryr seg ikkje med å kaste ut snøret på nytt. Berre nappar litt i den lette samanleggbare fiskestanga ein gong i blant, gjer vel ingenting om han ikkje får fisk heller.

Ettersom sola nærmar seg horisonten, kjenner han eit lint drag gjennom lufta. Brått er det som naturen rundt han får det travelt. Humlene susar høgare enn før, røsslyng og blåbærlyng luktar endå meir intenst, og fisken dansar over vatnet. Han kan ikkje anna enn smile over alt dette livet omkring seg, forstår at det er honning for ei sår sjel.

Best som han sit der og halvvegs drøymer, halvvegs sansar, blir han var ein bevegelse i enden av vatnet, ikkje så langt unna. Mellom dei lave seigtvaksne fjellbjørkene byks ein nydeleg Irsk Setter rett på vatnet. Rett bak hunden spring ei kvinne i lange kliv, det ser ut som dei kappspring. Ho er spildrande naken, så han skjønnar at det er planlagt leik. No kan han høyre latteren hennar også, som klukkande fjellbekkar om våren. Dei to landar i vatnet side om side, akkurat der ein attgløymd solstråle legg eit sølvband rundt dei.

Utan at han er klar over det har han lagt frå seg fiskestanga og reist seg opp, no står han og skygger for augene, myser mot dei. «Ho, hoi der borte» ler ho, kvinna i vatnet, og hunden bjeffar mot han. «Vatnet er deilig! Friskt men godt!» ropar ho. «Du burde prøve!».

Idet han impulsivt dreg av seg kleda for å hoppe uti i lag med dei, kjenner han at han skifter ham. Stuper uti sølvbandet til dei to som leikar der ute, og veit at fortida ligg igjen på land, i lag med alle kleda.

Å du som nokre karar kan sjarmere. Seie alle dei rette tinga, trykke på alle dei rette knappane. Skulle nesten tru dei visste kva lengsler og håp ei stakkars jente sit og verkjer med. Akkurat korleis dei skal lokke meg ut av skalet, få meg mjuk og sårbar, gje meg lovnader så eg let meg manipulere.

Å jaudå eg har vore på nettdating-sidene leenge eg, er erfaren kan du vite. Gjennomskuar karar med uhumske intensjonar. Bullshit! Vel kan eg gjere meg opp meiningar og forkaste karar med ufullstendige profilar, merkeleg oppførsel eller direkte frekke meldingar. Men eg kan tydelegvis ikkje gjennomskue ein verkeleg gris.

Det fekk eg lære på den harde måten i går kveld. Han som eg hadde snakka med lenge, flørta med, tilogmed småerotisk. Delt nokre fantasiar, forstått at han likte det i andre enden, at han vart opphissa av å lese kva eg skreiv. Uskuldig moro, tenkte eg, og sende han lettkledde bilder av meg sjølv. Wow, og ei lang rekkje kompliment kom det tilbake. Kan eg få bilde av deg da, spurde eg. Nei var så vanskelig, han hadde ikkje kamera for tida, og mobilkameraet hans var elendig. Webcameraet hans kunne ikkje brukast til fotografering.

Kanskje var det likevel nokre varselsignal som jobba i bakhovudet. Då han la meg til på facebook for ei veke sidan, eg spurte kvifor han hadde berre kvinnelege vennar, 80 stykker? Eg likar jo jenter da, svarte han. Ikkje bra tenkte eg, skal tru om dette er ein supersjekkar? Google is my religion, og likevel var det plent umuleg å oppspore han. Han brukar berre fornamn, både på datingsida og på facebook, og ingen av opplysingane han har gjeve stemmer med dette fornamnet. Begge stader ligg det kun eit einaste bilde av han. Dette bildet kan eg ikkje matche på google images, noko eg har prøvd. Men han har hatt facebookprofilen sidan 2007, så om bildet er så gammalt, vil det ikkje kome som google-treff i dag. Ingen andre opplysingar er gjevne på facebook. Eg tenkte at han kanskje har ribba profilen sin, eller lagt meg til som begrensa venn, kan jo vere naudsynt å beskytte seg litt for karar også?

Eg ga han mindre og mindre merksemd, noko som fekk han til å intensivere kontakten. Endåtil gå med på å pratast med webcamera. Han var vag på tidspunkt og prøvde seg med diverse forbehold, men eg kravde ein klar avtale, var streng med han. Og i går kveld skulle vi endeleg prate, med lyd og bilde.

Som før med desse nettdatene var eg litt nervøs mens kamera kobla opp, prøvde å smile fint, så ei blid dame skulle vere det fyrste han såg. Eg trur det vart eit rimeleg stivt smil. Smurt utover heile skjermen min, 25cm under nasen min, kom det opp ei hand som drog ein halvfeit snopp! Ja eg kallar det snopp, fysj, det uventa og ufyselege synet fortenar ikkje noko betre beteikning! Eg prøvde å ta det med ein latter og ikkje berre smekke igjen lokket på dataen.

Fyren grynta litt i mikrofonen, når eg lo tvungent og sa at hehe, det var vel ikkje dette eg hadde ringdest for å sjå, eg ville jo prate med han, bli kjent og sånn. Ikkje i kveld sa han då. Neivel, sa eg, men då blir det ikkje meir prat i dag heller. Var greit det, sa han, for dette var alt han hadde tenkt å vise på webcamera.

Eg synes det er trist at nokon karar er så stakkarslege. Eg har no sjølvsagt sletta han som facebookvenn, blokkert han på dating sida, og prisar meg lukkeleg for at eg ikkje let meg lokke til å ta nakenbilder og sende til han. Men grundig rundlurt vart eg, og eg synes synd i dei 80 andre damene han har kontakt med på facebook, og sikkert endå fleire utanom. Om dei sender han meir avkledde bilder enn meg, kven veit kvar desse bilda kan kome til å dukke opp etterkvart. Eg er no rimeleg sikker på at det fine bildet han brukar på profilen er falskt, kvifor skulle han elles nekte å vise seg? Kanskje sit grisen heile døgnet og lurer einsame damer, med fine ord og falske lovnadar, til å vere med på nettonanien hans.

Laus

Laus

endeleg uendeleg endelaus

lausleg haudelaus

greinalaust lausriven

uendeleg sytalaust

endeleg laus

%d bloggarar likar dette: